God stemning!

Hei folkens!

Nok ei veke er gått og framleis er me litt på etterskudd med bloggen her. Planen er at det skal betra seg frå neste veke, og no har eg skrevet det her, så då må me jo faktisk gjera det...

Framleis har me bibelgruppe på tysdagane både her og på Bardufoss, og det er stort sett ein bra gjeng som møter opp. Då les me frå Guds ord og samtaler om det. Det pleier å væra ei veldig fin stund, så viss det er nokon som lurer på å ta turen, så vil eg verkeleg anbefala det!

På fredagskvelden var me ein fin liten gjeng som var samla, då gjekk det i det vante med kaffi i koppen, god prat, og Nytt på Nytt og anna gøy på TV'en. Andre brukte kvelden på inspirasjonssamling på Skoghus.
På laurdagen kokte me graut og utover dagen kom det fleire og fleire. På kvelden var me samla til vitne- og lovsangsmøte og totalt var me litt i overkant av 15 stk. Det blei eit fint møte der me fekk høyra gode ord frå bibelen og lovsynga i lag. Utover kvelden blei det is og brownie som to av jentene hadde laga til.

På søndagen drog nokre av oss ut til Skoghus for å væra med på misjonsforsamlinga og inspirasjonshelga sitt felles søndagsmøte der. Mange var samla og det var eit fint møte der Øystein Hitland tala til oss. Då me kom tilbake blei det laga gryterett til middag. Då kvelden kom var dei fleste reist heim, men eg(Lars Inge), Christer, Stian og Hanna rigga oss til for å sjå SuperBowl LII.

Takk til alle for ei flott helg!

Her kjem litt bilete frå helga.



Menyen for laurdagskvelden var Enchiladas







Møtesalen nærmar seg ferdigstilling for kvar dag som går no, og sidan sist har me fått på plass det meste av lysa, gardiner, litt fleire lister og så har me begynt å rydda ut av salen :)

Eg trur i alle fall at dette blir veldig bra :)

Vil ynskje dykk Guds fred inn i den nye veka!
-Lars Inge, Bestyrar


Kommentarer

Populære innlegg