Soltunstevne og grusing av vegen(Altså ikkje fleire "Rolig helg-innlegg")

Hei folkens!

Då var nok ei helg gått forbi og denne gongen har det vore relativt mykje som har skjedd. Det starta med at Arild ringte på fredags morgon og var klar for å koma med nokre lass med grus. Dermed blei det ein god start på helga og me fekk fiksa opp mykje av uteområdet her!
Slik såg det ut på oppsida før me begynte
Her nærmar me oss ferdig med vegen på oppsida

Slik såg det ut på nedsida før me begynte


Her har Arild lagt grus og det gjenstår kun å spa den utover.
Det blei gjort ferdig fredag ettermiddag takka være god hjelp frå
Christer, Børge og Torbjørn Aardalsbakke.

På laurdagen starta med dagen med å stikke ned på Rema 1000 og henta to fulle handlekorger med mat som skulle brukast til taco om kvelden, i tillegg til middagen og kaffimat neste dag. Resten av dagen fram til kvelds og møte blei stort sett brukt på kjøkkenet. På møtet den kvelden var me ca 10 stk. Me koste oss utover kvelden med god prat, MYKJE LATTER, og mykje kaffi! :)





Søndagen starta rolig med ein halvsein frukost ca kl 10.00. Men etter det var det lite som var rolig. Arbeidsfordelinga blei satt, og eg, Torbjørn og Andreas sto på kjøkkenet og styrte med middagen mens Anne Christine og Helene stakk ut i skogen etter ved(eventuelt pynt til borda, men ingen skal få klaga på at me sit fast i gamle kjønnsroller på Soltun.. ;))

Utover dagen kom det berre meir og meir folk. Til middag var me ca 50, då Stevnet starta var me passert 65 og på det meste var me nok litt over 70 stk samla. Under stevnet fekk me høyra eit godt Gudsord frå Vegard Svensen, me sang litt saman, det var kaffi, kaker og åresalg. Alt i alt må me sei oss veldig fornøgd med dagen!


Gevinstbordet

Godt fullt i møtesalen! :)

Etter mykje etterspørsel frå enkelte er endelig ny darttavle på plass :)
 


Nokre av alle dei frivillige som har hjelpt til i helga!

Til sist vil eg berre gi ein ekstra stor takk til alle dykk som har hjelpt med grusing, matlaging, vasking, pynting og alt anna i helga!! Utan dykk hadde ikkje stevnet blitt så bra som det blei! Eg er utruleg takknemlig for all innsats de har lagt ned!

Eg vil ynskja alle ei velsigna god veke og helser dykk med velsigninga i 4.mos 6.24-26:
Herren velsigne deg og vare deg! Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig! Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred!

Lars Inge, Bestyrar

Kommentarer

Populære innlegg